16. jul, 2015

Det er greitt å ikkje alltid mestre.

Det er greitt å ha planer og faste avtaler å forholde seg til. Det gjev forutsigbarhet og er til hjelp for å strukturere dagane. Men av og til er det slik at det kan bli for krevande og utfordrande å gjennom føre planen og møte til avtalar ein har. Det kan vere ulike grunnar til det. 

I dag har eg valgt å avbestille ein treningstime, fordi eg kjenner at kroppen protesterer. Det er godt mulig at det hadde gått fint å gjennomføre treningsøkta likevel, men eg har altså tatt eit valg om at i dag kjennes det for krevande å prøve. Umiddelbart kjenner eg litt på følelse av nederlag og dårlig samvittighet, og straffer meg sjølv med negative tankar om meg sjølv.....🤨 Men, STOPP! Det er greitt å ikkje alltid mestre, og eg treng ikkje å leite fram "gode unnskyldningar" for å gjere det lettare for meg sjølv å godta det valget eg har tatt.  Det er greitt å ikkje alltid mestre! Rett og slett! Stopp der! Ferdig snakka!