12. jul, 2015

Ut på tur - eg berre gjer det!

 

Eg overraska meg sjølv med å ta fatt på "topptur" til to av Radøy sine fjell ein søndag føremiddag🤪Eg var også litt overraska over å kjenne kor kjekt eg syns det var å gå, sjølv om det var tungt for kondisjonen min ved enkelte parti. Men det er ingen tvil om at den innsatsen eg har gjort det siste året er merkbar på den fysiske formen min. - meir kraft i stega, og faktisk lettare i beina etter tur enn før🙂 Det er også annleis mentalt. Før var eg usikker, ustø, redd for å ramle, og likte ikkje å gå åleine. No tenker eg ikkje så mykje på "kva som kan gå gale", eg er meir trygg når eg går i terrenget, og eg kan gå meir avslappa og nyte utsikt og natur rundt meg👍

 Det er kjekt å gå på tur i lag med andre, men eg syns ogå at det er godt å gå åleine - tenke litt og reflektere over ting. Det er litt rart korleis indre utfordringar i form av tankar og følelsar får mindre "trykk" og litt anna perspektiv når eg er ute i den frie naturen.  Det er noko som eg verkeleg kan anbefale andre å prøve!👍 Begynn i det små, aksepter at det kan ta tid å komme over kneika til å kjenne glede og effekt av å gå i skog og mark, ikkje gi opp - Ting Tar Tid. Sånn er det berre! Men det er mulig! At EG har greidd å komme dit, er eit bevis på at det er mulig! Kven ville vel trudd det for eit par år sidan?