11. jul, 2015

Pausemodus er OK, fordi eg veit at eg VIL fortsette

Eg har vore altfor lite i aktivitet den siste veka, av ulike årsaker. Eg "skulle ha"...."eg burde ha".... "eg må ta meg sammen".... Jada, eg veit det! Men i kveld føles det for utfordrande å hente fram motivasjon....eg er trøtt og vestlands-sommaren 2015 byr i kveld på regnvær. Men eg "skulle/burde"...."ta deg sammen".....   Nei! STOPP med det der! STOPP med å "piske" deg sjølv med slike tankar! Greitt...eg har komme litt ut av den gode flyten eg hadde på aktivitetsnivå, men kva så? Eg veit at eg VIL fortsette med å vere i aktivitet, eg VIL fortsette med å gå på tur. Eg veit at det vil eg, fordi eg har fått positiv erfaring med det!  Dette er berre eit lite pausemodus! Eg er snart i gang igjen👍Fordi eg VIL! Fordi eg VEIT, at dette er SÅ bra for meg i eit lengre perspektiv😀