6. jul, 2015

Kva no?

Ein litt tullete småskade i ei tå gjer at det er "trøblete" å bevege seg med sko på, og aktivitet/turgåing er satt litt på vent. Det er synd, for eg har ein jobb å gjere med tanke på veivalg framover, og eg syns det er mykje betre å la tankane jobbe når eg er ute og går i skog og mark. Det er liksom meir fritt og lettare å reflektere og fundere over ting i eit slikt miljø. Og ofte er det på slike turar at eg lander på beslutninger. Når eg sit inne og skal tenke, vert det veldig ofte "overtenking". Det vert grubling, tankane kverner utan at eg kan finne ut av mål og meining, og til slutt vert det ofte slik at tankane går inn i ein nedadgåande spiral. SÅ; "Wenche, du har tatt ÈIN viktig beslutning, du har ei grovskisse av ein plan på kva du ønsker, og du har endå litt tid på deg. STOPP DER!" 👍 No er det sånn som det er. Når foten er klar, kan både eg og tankane vandre ute i naturen igjen😉👍

Og til deg som kan kjenne deg igjen i dette med "overtenking", grubling og nedadgåande tankespiral; prøv gjerne å gå ut av huset, finn ein stad/eit miljø som gjev deg litt ro og ein OK følelse. Du treng ikkje nødvendigvis vandre på tur langt inn i skogen. Eg likar meg i skog og mark og eg likar å gå og kjenne at eg brukar kroppen. Det er då eg kan greie å rydde og sortere i tankane.👍 Det er det som fungerer for meg, men for nokon er det kanskje nok å gå ut og sette seg på trappa? Lykke til🤩👍