3. jul, 2015

Dagane våre langs livets veg

(sitat ukjent)

Joda...eg forstår at livet ikkje alltid kan gå lett og strålande. Men eg (og heilt sikkert mange med meg) tenker av og til at det hadde vore fint om livets veg var litt mindre svingete og bratt... "Å vere lykkelig"... Eit begrep som er vanskelig å definere. Kva er egentlig lykke? Kortid er ein lykkelig? Det er lett for å måle det i ein felles mal. Og dersom ein ikkje når opp eller passer inn i den, så vert ein ikkje lykkelig? Eg personlig veit ikkje heilt korleis eg skal forholde meg til begrepet "lykkelig". Men, eg tenker at lykke, følelse av å vere lykkelig, er individuelt...eller? Eg føler ikkje behov for å strebe etter den optimale lykkefølelsen. Eg trur at det er å lure seg sjølv, og miste mange øyeblikk av små gleder undervegs. Men....det hadde vore fint om livets veg var litt mindre svingete og bratt! Det er jo slitsomt å bevege seg i krevande terreng heile tida. Det hadde vore fint med ein lang, rett strekning innimellom. Eit litt lettare terreng, slik at ein kunne få hente seg inn igjen og få nye krefter - og ikkje minst; å kunne løfte blikket og legge merke til alle nyansar og fargar som finnes langs vegen - å kunne ta det inn, verkeleg ta det inn i seg, kjenne at det gjer godt, kjenne at det gir ein påfyll og ny styrke. Då vil kanskje den neste bratte bakken, den neste krevande strekninga ein møter på livets veg, bli litt lettare ta fatt på...? Det hadde vore fint, ikkje sant? Det syns i allefall eg.