29. jun, 2015

Lytt til tidlegare erfaringar!

Ikkje akkurat ein strålande morgon.....🤭 Det har komme eit initiativ utanfrå om å vere med og gå ein tur. Tankane mine er i ein intens debatt om for-og-imot: Eg veit så inderlig vel at det vil gjere meg godt, og at dagen kan bli betre om eg kjem meg ut og går litt. Men eg er jo så trøtt, uopplagt og sliten, og eg kan godt innvilge meg ein "latmannsdag." For-og-imot.... for-og-imot. Nei, STOPP! Lytt til tidlegare erfaringar og kom deg avgårde!