27. jun, 2015

Kviledag. Nei, forresten...eg vil ut og gå!

Eg er fornøyd med eigen innsats på tur/treningsmengde den siste veka👍 Det har vore krevande mentalt å finne initiativ og motivasjon, men når eg har greidd det så har eg også pressa meg sjølv heilt opp mot smertegrensa i aktivitet og trening. Og derfor innvilga eg meg sjølv ein "fri-frå-fysisk-aktivitet-dag" i dag. MEN....eg greidde ikkje å finne ro til avslapping. Eg kjente at eg hadde lyst til å gå ut på tur i den lyse sommarkvelden med fin og behagelig temperatur. Så eg berre gjorde det, eg🤩 Det vart ein liten treningstur med moderat intensitet. Og akkurat slik som det har vore den siste tida; det var ei god oppleving, og når eg kom heim igjen etterpå fann eg ro til avslapping👍

Kven skulle trudd at EG skulle komme dit at eg VIL ut og gå/trene sjølv om eg føler meg trøtt og sliten og har "vondter" i kroppen....? Eg er takknemlig for at eg hadde menneske rundt meg som var drahjelp i startfasen for nesten eitt år sidan👍😀 Utan dei, er eg neimen ikkje sikker på om eg hadde vore der eg er i dag, med tanke på å finne fysisk aktivitet nyttig og positivt både for den fysiske og mentale helsa.