23. jun, 2015

Ta styring over tankane.

Ei god treningsøkt med fysioterapeut i dag🙂Det "satt langt inne" å komme seg avgårde. Men eg greidde å seie STOPP! til dei negative tankane, og rette fokus mot erfaringar om at når eg først kjem i gang så blir det kjekt og gjer meg veldig godt. Og sånn vart det - denne gongen også🙂

 Det kan vere veldig vanskelig å hente fram tidlegare positive opplevingar og erfaringar når ein føler seg tungsindig og negative tankar tar stor plass. MEN...det er mulig. På samme måte som ein kan trene seg i form fysisk, kan mental trening hjelpe ein til å ta styring over dei negative tankane. Det er ikkje lett og det tar tid. Det krever utholdenhet, og det krever repetisjonar - igjen og igjen - fordi det vil komme tilbakesteg underveis. Men eit tilbakesteg no og då, betyr ikkje at ein mister det ein allerede har lært.  Det er mulig å hente det fram igjen. Og då kan det vere godt å ha nokon som ser det heile "utanfrå" som kan hjelpe med påminning, slik at ein kan hente fram igjen positive erfaringar om mestring!