20. jun, 2015

Og så, då?

Sommardag på Vestlandet🙂Men for min del vart det ein roleg dag, og eg har for det meste halde meg 'innomhus' og gjort litt småting....Tenker automatisk at "alle andre" sikkert har vore ute og hatt det fint denne sommardagen. Men for det første; eg veit ingenting om kva "alle andre" har brukt dagen til, bortsett frå det eg kan lese og sjå på Fjesboka 😉 Og for det andre; eg har heldigvis komme dit hen at eg kan seie som min gode mentor og livsveileder: "So what?" 🙂 Eg er meg, eg har det sånn som eg har det, og min dag er som den er. Og det er OK! I dag er det sånn - i morgon kan det bli heilt annleis🙂 Og kva "alle andre" held på med, har forsåvidt svært lite å seie for meg - i allefall akkurat i dag🙂Eg har dessutan hatt min egen form for åleinekvalitetstid med å lytte til musikk i mange timar! Spotify er ein fin ting!👍😀

 

Så til dei av dykk som kan nikke litt gjenkjennande når de les dette; Det er ingen "lov" som seier at du MÅ gå ut og nyte ein sommardag, sjølv om "alle andre" kanskje gjer det😉Og når det kjem til redsel og tankar om kva andre måtte synse og meine om ditt valg, så siterer eg: "Ikke bekymre deg så mye for hva andre tenker om deg. Sannheten er at folk flest tenker mest på seg selv."😋