19. jun, 2015

Tur og ro og velvære!

I ettermiddag og kveld kom sommarfølelsen til oss på Vestlandet. Og til tross for nokre litt "humpete" dagar den siste tida, med følelse av å gå fullstendig på sparebluss; I kveld kjente eg at eg berre MÅTTE ha meg ein tur ut og gå🤩 Valget av turveg var også veldig lett. På ein kveld med smak av sommar, var ein tur langs Toskavegen det klare valget mitt i dag. Å rusle i rolig tempo over den flotte moloen og kjenne lukta av sjø = lave skuldre, ro og velvære👍Rett og slett "naturmedisin" for sjela🙂