18. jun, 2015

Berre ta bestemmelsen - her og no.

Det er torsdag, dagen for treningsgruppe. Det er regn i lufta, gradestokken greier såvidt å krype opp til eit to-sifra tal, sommaren lar vente på seg.....Både ytre og indre faktorer tynger. Det er grått ute og grått inni meg. Fristande å ta det enkle valget; "eg dropper treninga i dag." Men, eg veit.....eg veit så veldig godt at å velge det vekk, ikkje gjer dagen noko bedre. Og eg veit.....eg veit så veldig godt at å velge å møte opp og delta etter beste evne, ikkje gjer dagen noko verre. Så; STOPP! Ikkje tenk noko meir rundt det, Wenche. Berre ta bestemmelsen her og no: "eg skal komme meg avgårde på trening!" Så kan eg bruke tida fram til eg skal gå til å fokusere på heilt andre ting, og prøve å få ein litt OK start på dagen. 🤭