15. jun, 2015

Eg har det sånn som eg har det, og det er greitt.

Sliten og nedkjørt - dagen for ro og kvile. "Burde"-tankane kjem, som alltid. Men dei skaper jo berre uro og dårlig samvittighet....! Så eg jobbar med å fortelje meg sjølv at det er heilt greitt at eg ikkje greier noko særlig i dag. Og utover dagen kjenner eg meir og meir at det gjer godt for både kropp og sjel med ein kviledag - ein dag der eg ikkje må vere "på" - ein dag der eg ikkje må prestere - ein dag der eg berre er her-og-no, og tar dagen som den kjem time for time. Eg har det sånn som eg har det. Dette er min virkelighet - dette er mitt liv. Andre mennesker har mykje større kapasitet og meir indre styrke, men det hjelper ikkje meg å tenke på det og sammenligne meg med det. Eg er den eg er, eg har den kapasiteten eg har, og eg må jobbe med meg sjølv og lære meg å akseptere at sånn er det. Og dagen i dag = heilt tomt for krefter. Sånn er det, og det er greitt!  Og i morgon...? "Om dagen i morgen vet vi ingenting, og det er ganske sunt." (Inge Lønning)🙂