11. jun, 2015

Fokus...!

Ei god 90 min. treningsøkt i formiddag, og etterpå nokre fine timar med ei god venninne, som eg av ulike årsaker ikkje har sett på nokre månader. Ein liten rusletur i lag, enkel utelunsj på ein benk, og ikkje minst; den gode praten - med både alvor og skjemtKul Når eg etter å ha komme heim kjenner at energilageret mitt er tomt, vert eg litt skuffa. Det er frustrerande å ha så lite å gå på......."STOPP, Wenche! Det der er fullstendig feil fokus! Tenk heller på kor fint det var å møte venninna di igjen! Tenk på kor godt det var å sjå henne! Tenk på at ho sa det samme til deg; -det var veldig godt å sjå deg igjen, Wenche-. Tenk heller på det! Det betydde noko for eit anna menneske å få tilbringe tid med deg!"  Det er DET eg må jobbe for å holde fast på. 

Når tankane alltid har fokus på at 'det kunne vel ha gått endå bedre', blir det ikkje plass til tankar rundt det gode og bra ved ei oppleving.