10. jun, 2015

Livet går opp og ned, samme kor hardt du jobbar for å komme opp og fram.

"What goes up, must come down," heiter det i ein songtekst. Av og til kan det opplevast slik. To steg fram, eitt steg tilbake. Frustrerande, og ein skuffelse kvar gong det skjer. Men det er no ein gong slik at livet går i bølgedalar, for dei aller fleste av oss. Det som er ulikt, er graden av det, kor ofte det skjer, og kva for utgangspunkt den enkelte har for å tåle det og takle det. Det som for meg oppleves så utfordrande at det trekker meg ned i bølgedalen, kan andre gjerne greie å "riste av seg" og berre fortsette utan at det påvirkar så veldig. Sjukdom, smerter, følelser - det er subjektive opplevelser, fordi det er nært knytta til egne tankar rundt det. Kognitiv terapi - ta styring over tankane - det kan endre måten me opplever egne plager på. Men så enkelt som "tenk positivt, og det positive gror" er det ikkje! Det handler ikkje om å sjå lyst på livet "no matter what", liksom! Det kan handle like mykje om å akseptere - akseptere at det går opp og ned - akseptere at 'sånn er det for meg' og unngå å tenke at "jammen, alle andre takler jo slike ting heilt fint." Vanskelig, tenker du no? Ja, det er vanskelig. Det er vanskelig og tidkrevande - og det blir mange 'to steg fram og eitt steg tilbake' underveis. Å bruke kognitive teknikkar får ikkje livet til å berre flyte fint avgårde. Opp og ned, opp og ned - det blir det likevel. Men måten å takle det på - det er det som kan bli forskjellen etterkvart som ein lærer, og mestrer slike kognitive metodar.