7. jun, 2015

Smak av seier!

I dag var "dørstokkmila" heilt uoverkommelig. Trudde eg. Med ei lita forkjøling i kroppen og slapp og trøtt, hadde eg bestemt meg for å synast at eg var "sjuk nok" til at eg måtte ta det ro i dag😉 Men eg greidde ikkje å finne ro og vere tilfreds med det. Eg fekk følelse av at eg svikta meg sjølv. Så til slutt, litt ut på ettermiddagen, vart det; "Berre gjer det, Wenche!" Og eg sette meg i bilen og kjørte avgårde til den turløypa som har blitt eit godt utgangspunkt for meg når eg treng å finne inspirasjon til trim og trening - Kvassnesstemma Friluftsområde. Det fungerte denne gongen også👍40 minutter med intervalltrening, faktisk🤪Jogge/gå/jogge/gå, osv. Og så langt er dette den seieren som har "smakt best". Frå å ligge på sofaen og vere sjuk (som eg hadde bestemt meg for at eg var😉) til intervalltreningsøkt som involverte jogging! Tidenes snuoperasjon for meg🙃Og eg vart no i allefall ikkje sjukare av det. Og på ein dag med minimal aktivitet forutan denne treningsøkta, viser mitt nye aktivitetsarmbånd kl. 22.15 at eg har ein distanse på 4.50 km, og 6934 steg🙂 Det er eg godt nøgd med!