3. jun, 2015

Når kroppen bestemmer.

Av og til er det slik at det er kroppen som bestemmer. Då er det den som seier STOPP! Og når den seier i frå om at no er grensa nådd, så er det nyttelaust å ta styringa på eit mentalt plan. Kognitive teknikkar kan vere til hjelp for å tåle, og holde ut. Men når kroppen seier at nok er nok, kan ein ikkje gjere stort meir enn å lytte til dens behov. Ein kan like det eller ikkje, men om ein velger å ikkje bry seg med dei signalene den gir, kan ein bli straffa hardt for det. Tru meg - eg veit..... 🤭