31. mai, 2015

Mobilisering og avledning kan føre til gode opplevingar.

Det er rart kva ein kan greie når ein mobiliserer og får avledning🙂Det har vore ein travel, men fin dag i lag med "mine". Fokus blir automatisk flytta vekk frå meg og mitt, og til fellesskapet med andre🙂Ja...eg blir sliten. Eg kjenner det når eg dagen er over og eg kjem heim og setter meg ned. Men det er greitt - det kan eg tåle. Og det som er viktig då, er å holde fast på det kjekke som har skjedd i løpet av dagen. Eg er jo  faktisk heldig, som har både små og store i nær familie som eg kan tilbringe tid med.🙂