27. mai, 2015

Fokus på mestring!

Arbeidsdag i dag =👍😀Det er veldig fint å oppleve at toleransegrensa for ytre "påkjenningar" vert sterkare og sterkare, og at eg sakte men sikkert kan auke opp antal timar pr. dag!😀Det er riktignok nesten tomt for energi resten av dagen. Eg kan kjenne litt på frustrasjon over det, fordi det er gjerne ting eg kunne hatt lyst til å gjere. Men - "STOPP, Wenche! Vekk med tankar om "skulle ønske at eg, tenk om eg kunne ha"...! Ha fokus på at det du har greidd i dag er faktisk veldig bra med ditt utgangspunkt, og det er definitivt ein framgang!"👍 Steg for steg - litt etter litt. Og det er absolutt grunnlag for å vere optimist!