25. mai, 2015

"Korleis går det?" "Litt opp og ned."

"Korleis går det?" Eit veldig vanlig spørsmål. Eit nesten like vanlig svar: "Litt opp og ned." Og sånn er det vel for dei fleste av oss - det går litt opp og ned. Nokre dagar føler ein seg veldig bra, både mentalt og fysisk. Ein føler seg ovenpå - "oppe" Kul Så er det dagar som ikkje er fullt så bra. Det kan vere fysiske 'vondter' som plager, ein kan føle seg nedstemt og litt tung til sinns - ein føler seg "nede".  Sånn er det.  Me har vel alle vårt - det som får oss til å føle oss "oppe" og det som får oss til å føle oss "nede". Sånn er det å vere menneske. Sånn er det å leve. 

Ein viktig ting som eg har lært, og som eg jobbar med å få til, er det å kunne akseptere. Akseptere mine egne "opp-og-ned", akseptere at mine "opp-og-ned" er reelle for meg, og ikkje sammenligne og tenke at andre mennesker sikkert takler det bedre. Akseptere at eg har mine "opp-og-ned" ut i frå mine forutsetningar, og andre har det ut i frå sine. Akseptere at slik er EG "skrudd i sammen", og det er heilt OK. Vanskelig, men viktig - for oss alle! Liker

Eg hadde ein av mine "nede-dagar" i går. I dag; om ikkje heilt "oppe", så i alle fall i den øvre delen av skalaenVinker Ut på tur? Ja, det er godt mulig at det blir det i løpet av dagenKul