23. mai, 2015

Eg har lyst til å gå på tur!

Eg hadde egentlig bestemt meg for at halsvondt og litt luftveisplager skulle få ro og kvile i dag også, og gitt meg sjølv lov til å akseptere at det var heilt greitt. Men så, litt utpå dagen, berre kjente eg at eg hadde lyst til å gå meg ein turKul Det var ingen "eg-burde-tankar." Det var rett og slett lystbetont! Og for meg er det ein framgang å ha lyst til å gå på tur når eg har ein sjukdomsfølelse i kroppenLikerEg fekk meg ein god tur på litt over ein time, med ganske bra tempo og intensitet. Min konklusjon: Det går godt an å gå seg ein tur sjølv om eg føler meg litt 'småsjuk' Vinker