23. mai, 2015

Tid for å erkjenne.

Vond og øm muskulatur i kroppen.....Kvifor?  Det er tid for å erkjenne fakta😉Grunnen til at eg kjenner det sånn, er at det rett og slett har vore for lite fysisk aktivitet dei tre siste dagane. No er det riktig nok slik at ei forkjøling skaper litt begrensninger på energinivået, men det er greitt å legge merke til og bli klar over at 'vondter' i muskulatur og ledd forverrer seg av inaktivitet. Jada...eg har blitt fortalt dette i mange år, og i teorien visst at det er sånn. Men det å faktisk bli klar over det ved å sjølv erfare det - for meg er det det som må til for å verkeleg innsjå det.  Og tenk, no har eg komme så langt mentalt at eg greier å erkjenne at det er sånn det er. Det er ikkje berre teori. Det er ikkje berre ord frå andre. Det er min egen oppdagelse! 🤪Eg har komme endå litt lenger framover på livsvegen min mot ei bedring i helsa! 🙂 #Klappermegsjølvpåskuldra👍 Fordi eg fortener det!🤩