21. mai, 2015

Livet går ikkje berre rett fram.

Ein følelse av to steg fram og eitt steg tilbake. Og sjølv om det eine steget tilbake handler om ein heilt vanlig forkjølelse, kjem skuffelsen snikande. Det er noko med å bli tvinga til å ta ein pause når ein føler at ein har komme inn i eit godt driv. Ein kjem litt 'bakpå' - mister fort fokus, og motivasjonen mister kraft. Då står dei negative tankane i kø, og det er veldig lett for å bli dratt med nedover i ein spiral. Men når formen er slik at det ikkje er krefter til å ta grep og handle for å finne tilbake til riktig fokus, må ein berre prøve å akseptere at det tvingar seg fram eit pausemodus. Det er jo berre slik at det er ikkje alt ein kan kontrollere, uansett kor mange teknikkar ein har lært seg for ikkje å bli fanga i negativitet...... Sånn er livet. Det vil alltid dukke opp små eller store hindringar og utfordringar - "humper" i vegen som vil bremse det drivet ein er i. Og då er det viktig å tenke at det er berre litt 'reduksjon i farten' slik at ein skal få mulighet til å komme seg forbi "humpene." Det er viktig å ikkje tillate seg å komme så langt 'bakpå' at det stoppar heilt opp, slik at ein berre resignerer og gir seg. Ja, eg veit......det ER vanskelig å holde motet oppe når ein har opplevelse av at det skal no alltid vere noko som bremser meg....! Men, det går an å øve seg på å akseptere ein dårlig dag - og akseptere at i perioder er det mange av dei. Dersom ein kan greie det, blir det mindre frustrasjon. Det blir mindre 'burde'-tankar som drar ein nedover i spiralen. Vanskelig, tidkrevande - Ting Tar Tid - MEN det er mulig! Eg veit, fordi eg har erfaring med det.😉