19. mai, 2015

300 meter er ein stor seier!

Det har vore ein litt sånn berg-og-dalbane-dag, men eg er SÅ fornøyd med å ha avslutta den med å sprenge ei ny grense!Smiler stort Eg har faktisk jogga i kveld! For nokre vil nok ikkje lengden på jogginga vere imponerande, men for meg er ca. 300 meter ein stor seier! Eg trur det må vere ca. 10 år sidan eg gjorde noko lignande, og då gjorde eg det på grunn av ein potensielt farlig situasjon for nokon andre...altså på instinkt og ikkje av eige valg. Men, tilbake til mine 300 meter; eg vil gjerne nevne at eg hadde 35 minutter med rask gange i beina før eg begynte å joggeVinkerSom sagt, eg er veldig fornøyd med at eg våga å sleppe meg laus og faktisk bryte denne grensa. Og eg berre seier det: når EG har komme så langt at eg har greidd å jogge, då er det mulig for alle å nå dit. Berre spør kven som helst av dei som kjenner meg{#smileys123.tonqueout} Min konklusjon etter denne opplevinga: kombinasjon av mestringsfølelse og velvære både psykisk og fysisk etterpå, gjer at eg kan godt tenke meg å gjere meir av det Kul