19. mai, 2015

Eg kan! Eg vil! Eg skal!

Våkner opp til ein dag med litt 'ruskete' vèr - vind og mørke skyer på himmelen. Kjenner at humøret er så som så. Eg har time hjå fysioterapeut, treningsøkt og behandling. Så lett det ville vere å avlyse timen. Berre holde seg inne og synke godt ned i stolen og slappe av. Men, eg får ikkje bedre helse av det. Trening og fysioterapi er jo ein vesentlig del av det eg må gjere for å bevege meg framover på vegen min. Så; STOPP! Vekk med alle dårlige argument! Fokus på vegen mot bedre helse! Eg kan! Eg vil! Eg skal! Ferdig snakka!👍