18. mai, 2015

Fint å få hjelp til å rydde i tankane av og til

Det er godt å ha eit menneske som kan hjelpe med veiledning av og til. Eit menneske som det går an å snakke med om tema som gjerne blir for vanskelig å setje ord på til dei menneska ein omgås med i kvardagen. Eg har eit slikt menneske i livet mitt. Ei fantastisk dame som med sin kunnskap og erfaring kan hjelpe meg og veilede meg, slik at eg kan finne ut av kva slags valg og prioriteringer som kjennes riktige for meg å bruke tid og krefter på. Eg har ingen problem med å vere åpen om at ho er psykolog. Eg opplever at me har ein veldig god kjemi. Det er rom for ein lett tone og humor, men hennar faglige dyktighet som psykolog ivaretar profesjonaliteten i den relasjonen me har. Eg har snakka med henne i dag, og fått'rydda vekk' ein usikkerhet. Ho har fått meg til å sjå at det eg no vil prioritere, er å fortsette i samme retning på vegen min og finne stabilitet og stødighet i det. Og kva som eventuelt vil åpne seg av muligheter underveis......? "Time will show"....😉👍