16. mai, 2015

Det går opp og ned. Aksepter det.

Det koster....det koster energi å jobbe seg mot mestring. Og det kjem dagar der eg er fullstendig tom, både mentalt og fysisk. Så sliten at kroppen får symptom som kjennes ut som ei begynnende influensa. Så sliten at det oppleves som om ei stor, mørk sky heng over meg. Det er då eg må prøve å holde fast på tanken om mestring - hente fram tankane om gode opplevingar eg har fått den siste tida! Eg har mestra å ta valg som har opna opp for muligheter til å oppleve. Det er ikkje lett......å tenke på, og prøve å huske korleis det føltes når eg gjekk akkurat den turen, når eg var på jobb, når eg var i treningsgruppa. Det er vanskelig, når heile meg kjennes ut som ein 'utgått skosåle' og tankane mine liksom ligg inne i ei tung tåke🤔 Men noko anna som eg også kan gjere, er å akseptere at:  - Ja, så sliten blir eg faktisk av å jobbe med meg sjølv på vegen min framover. Og det er greitt. Det betyr ikkje at det er håplaust. Det betyr ikkje at eg skal gi opp. Det betyr at eg også treng  tid og mulighet til kvile, som igjen betyr at det ikkje går an for meg å skynde seg framover - Ting Tar Tid.