15. mai, 2015

Perspektiv

Eg kom til å tenke på nokre kloke ord frå Ole Brumm : 

"Tenk om et tre veltet og vi var under det," sa Nasse Nøff. Ole Brumm tenker seg om ei lita stund, og så seier han: "Tenk om det ikke veltet."

Av og til kan det vere nyttig å snu om på tankane sine, skifte perspektiv, skifte fokus. Tankar om kva som kan bli vanskelig og negativt når ein står overfor ein situasjon, kjem ofte heilt automatisk. Og då er det lettast å ta valget om å unnvike situasjonen. Men dersom ein snur om litt, slik som Ole Brumm gjer her, kan ein sjå for seg situasjonen i eit anna perspektiv. Fokus blir retta mot det som kan bli kjekt og fint, slik at ein tør å ta valget om å prøve likevel.Kul