14. mai, 2015

Stopp med det der! Du veit jo så godt....!

Med ein arbeidsdag "i kroppen" og verking i ein ankel var det god tyngde på "orkar-ikkje-tur-idag"-tankane. Så mykje lettare å berre synke godt ned i stolen og bli der. Men - Stopp med det der, Wenche! Du veit jo så godt...! Berre gjer det, kom deg avgårde NO!

Og det gjorde eg. 40 minutter rask gange i frisk vind og med musikk 'på øyra'.🙂 Litt fotografering vart det også.  Når eg kom heim igjen, kunne eg synke ned i stolen og kjenne på velvære og ro, og vere fri for strevsomme tankediskusjonar👍 Det fungerte - denne gongen også.🙂