9. mai, 2015

Okei, då!

Eg våkna unødvendig tidleg i dag. Litt ut på dagen var eg på god veg til å konkludere med at eg var nok for trøtt til å gå ut😲 Men så gjorde eg ein avtale med "orkar-ikkje-tankane" : Okei, då! Eg sit meg i bilen og køyrer ein tur, og så ser eg om eg får lyst til å finne ein plass der eg kan stoppe og gå meg ein tur. Avgårde i bilen, Mezzoforte på "full guffe" i bilstereoen, og etter å ha køyrd litt rundt ei stund var eg klar for å parkere bilen og ta meg ut litt fysisk🙂 Og som følge av det, fekk eg nok energi til plenklipping og litt anna utearbeid etter at eg kom heim igjen. 

"Seieren er min, seieren er min!" Eg gjorde det👍