8. mai, 2015

Det er heilt greitt å ikkje alltid mestre.

Eg sit og tenker på at eg bør komme meg ut på ein tur. Men det er visst ein sånn dag der eg ikkje har overskudd til å følge den vanlige instruksjonen min. Negative tankar med beskjed til meg sjølv om å ta meg sammen gir meg dårlig samvittighet og drar ned humøret mitt. MEN; då kan eg faktisk bruke instruksjonen min på ein litt anna måte: "Stopp! Ikkje tenk meir på det! Berre aksepter at i dag er det sånn det er." I staden for å "piske" meg sjølv med negative meldingar, kan eg akseptere at eg ikkje har nok overskudd i dag. Det er heilt greitt å ha dagar der ein ikkje alltid mestrer. Det er lov å ha ein dårlig dag. Når eg brukar instruksjonen min på den måten, kan eg styre vekk dei strenge, negative meldingane til meg sjølv, og jage vekk den dårlige samvittigheten.  Det gir ein lettelse i humøret - kanskje nok til at eg kan hente fram litt energi til ein tur....?Vinker