6. mai, 2015

Øving - mestring - god oppleving

I utgangspunktet ser eg på meg sjølv som ein makelig anlagt person. Eg kan endå hugse korleis eg opplevde det å gå tur i skog og mark tidlegare. Eg vart rett og slett irritert og sur fordi eg syns det var vanskelig å bevege seg i terrenget - hoppe frå tue til tue i myrene, konsentrere seg om å ikkje snuble i kvistar og røtter på bakken, balansere over smale parti. Og alle dei irriterande kvistane som stadig vekk slo meg i ansiktetSint Men så var det dette med at "øvelse gjør mester." Og, ja....dess fleire turar, dess bedre kontroll. Og etterkvart kunne eg sjå på og nyte den flotte naturen rundt meg. Mestring av det som før irriterte meg fordi det var vanskelig og negativt, opna opp for at eg kunne løfte blikket og skifte fokus.