6. mai, 2015

Når eg kan, så kan alle.

Ved å jobbe kognitivt med meg sjølv gjennom mange år, har eg lært teknikkar som kan brukast på dei fleste områder i livet. Eg har adoptert litt av ord og uttrykk frå andre, og laga ein instruksjon til meg sjølv; Stopp! Ikkje tenk! Berre gjer det! Og det er faktisk denne korte setningen som har fått meg i gang med aktivitet og turgåing. Heilt sant! For det går faktisk an å ta styring over negative tankar som finn alle mulige slags grunnar for å ikkje gå ut på tur. Men som med så mykje anna; ein må øve seg på det. Og det har eg gjort. Eg kan ikkje seie at det fungerer 100% av dei gongane eg gir meg sjølv denne meldinga. Men eg er definitivt mykje meir ute og går tur, og i meir aktivitet enn det eg var før. Og når eg greier det, så kan alle greie det👍