20. jan, 2020

Eit håp som vart slått til bakken. Ein plan som ikkje lot seg gjennomføre. Ein smertetilstand som utvikla seg til forverring. Konstant hodepine. Konstante, sterke smerter og daglege smerteanfall så kraftige at det krever utmelding av verda så lenge anfallet pågår. Å leve i ei boble. Ei smerteboble. Eit liv som blir avgrensa. Smerter som bestemmer og lagar grenser. Verda der ute går sin gang. Det er ikkje råd å vere der ute, eller å sleppe den inn. Det går ikkje. Smertene bestemmer at det ikkje går. Verda der ute har så mange inntrykk. Den har lydar, rørsler, fargar, lys... Så mange inntrykk som ikkje er til å tåle. Smertene er for sterke. Dei tek stor plass. Til tider tek dei all plass. Dei er så krevande at det ikkje er råd å gjere anna enn å tåle å stå i dei. Å leve i ei smerteboble. Det er vanskeleg. Det gjer noko med den psykiske helsa også. Å leve i ei boble og kjempe med smerter og kjempe for å halde tungsinn og depresjon på avstand.

Eit håp som vart slått til bakken. Men det brast ikkje. Det er ikkje knust. Håpet er ikkje knust. Det har framleis liv i seg.  Håpet om betring har framleis liv i seg. Det er i det minste noko - eit håp som framleis lever, trass i at det vart slått til bakken.

----------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

9. jan, 2020

Mykje har blitt sagt og skrive etter Ari Behn sitt sjølvmord. Oppmodingar om å søkje hjelp når ein har det tungt og mørkt psykisk. Mange gjer det. Det er mange som søkjer hjelp. Mange snakkar med fastlegen sin om at dei har det vondt og vanskeleg. Og fastlegen henviser til spesialisthelsetenesta. Prosessen mot å få hjelp er i gang. Men allereie der startar vanskane i systemet. Brua mellom fastlege og spesialist er lang. Svar frå spesialisthelsetenesta kjem kanskje rimeleg raskt. Men om ein er ein av dei heldige som får positivt svar, er ventetida fram til hjelp faktisk trer i kraft altfor lang. Det er som regel ei ventetid på fleire månader. Brua mellom fastlegen, der prosessen startar, og fram til spesialisten der hjelpa skal vere, er lang og tung å gå. Eit menneske som har det vondt og tungt og mørkt psykisk, og som har tatt mot til seg for å få hjelp, har kanskje ikkje råd til den ventetida. Lang ventetid kan for mange gje ei forverring av sjukdomstilstanden. Eit menneske som allereie har det tungt, får motløyse og håpløyse på toppen av alt når det går og ventar på hjelp. Mange held ut. Kjempar seg gjennom ventetida, og får til slutt hjelp. Andre greier ikkje å komme seg over den lange brua mot hjelp. Mange mister motet og håpet medan dei ventar på hjelp. Mange held ikkje ut gjennom ventetida. Dei held ikkje ut livet lenger. Dei velger å avslutte livet sitt.

Mange kjem ikkje eingong så langt som til ventetida. Mange får negativt svar frå spesialisthelsetenesta. Mange får det brevet der det står at dei er vurdert til å ikkje ha rett på nødvendig helsehjelp. Eit menneske som er i det djupaste personlege mørke, må lese desse orda - at det ikkje er nødvendig å hjelpe dei. Dei sit i sitt djupaste mørke, med stor psykisk smerte, og opplever den sterkaste kjensla av avvisning dei kanskje nokonsinne har kjent. Og det er dei som skal hjelpe, dei som er der for å hjelpe, som avviser. Å bli avvist er aldri ei god kjensle. Ingen av oss likar den kjensla. Men når eit menneske som er i sitt djupaste mørke har greidd å ta det steget det er å be om hjelp, får så å oppleve blank avvisning frå dei som skal hjelpe, påfører det motløyse og håpløyse. Det er ei frykteleg belastning å få på toppen av alt som allereie er vondt og vanskeleg. Det kan opplevast som ei stadfesting på at motløysa og håpløysa det kjenner er rett. Det er ikkje noko håp om betring. Ei belastning som er så stor og tung, at mange ikkje held ut. Dei held ikkje ut livet lenger. Dei velger å avslutte livet sitt.

I etterkant av Ari Behn sitt sjølvmord, var presset på bl.a. Mental Helse sin hjelpetelefon ekstra stort. Så stort at  dei ikkje makta å nå over alle som søkte kontakt. Dei hadde ikkje kapasitet til det. Regjeringa kom raskt på banen med økonomisk tilskudd til Mental Helse sin hjelpetelefon. Det er bra. Men eg skulle også ønske at dei pengane som ser ut til å vere der, kunne bli brukt og forvalta på ein måte som gav eit betre hjelpetilbod i psykiatrien. Det kan då ikkje vere slik at Norge ikkje har råd til å hjelpe dei som er sjuke(?) Dessverre ser me, i år 2020, framleis at psykisk helse og psykisk sjukdom har lågare rang enn kroppsleg helse og somatisk sjukdom. Eg forstår ikkje det, eg. Eg forstår ikkje at psykisk helse og psykisk sjukdom er så nedprioritert når tal og statistikkar fortel oss kor mange som er og blir råka av sjukdom og plager psykisk. Eg forstår ikkje at dei som sit med makta seier at dei vil kartlegge kvifor så mange velger å ta livet sitt. Eg forstår ikkje at dei ikkje kan sjå det openbare. Eg forstår ikkje at dei ikkje forstår. Det eg forstår, er at for mange blir møtet med psykisk sjukdom og måten dei blir møtt på i helsevesenet, så tungrodd og negativt at dei gir opp. Verkeleg gir opp. Dei gir opp livet. Ja, eg kan faktisk forstå det. Eg skulle ønske at dei som sit med makta og forvaltar pengane i velferdsstaten Norge, også kunne forstå det. For om dei forstår det, ville dei kanskje gjort noko med det altfor dårlege hjelpetilbodet som er i psykiatrien i dag. Eg skulle ønske dei ville forstå at det ikkje er nok å oppmode folk til å søkje hjelp. Ei slik oppmoding blir utan verdi når hjelpa ikkje finst.

----------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

30. des, 2019

Enno eit år har gått. Eit år i livet. Eit år med mange gleder. Gode opplevingar. Eit år med ny lærdom, møte med nye menneske. Eit år med mykje smerte. Ein smertetilstand i utvikling. Kroppsleg smerte som tærer på psyken. Eit år som gitt både godt og vondt. Og dei nyanser som er i mellom.

Enno eit år har gått, på godt og vondt. Slik er det. Slik er livet. Å vere i livet er å oppleve både det gode og det vonde, og dei nyanser som er i mellom. Livet er ikkje berre godt. Det er ikkje berre vondt heller. Livet er ikkje anten kvitt eller svart. Det har mange fargar. Livet utfordrar oss til å ta dei fargane me møter. Frå det lyse og kvite til det mørke og svarte. Slik er det å leve. 

Å vere i det lyse er godt. Når me får vere i det gode, er det viktig å nyte det. Ta det gode til seg, samle på det, lagre det i minnet. Når mørket råkar oss, er det vondt. Det er vanskeleg og vondt å vera i mørket. Når me er i mørket handler det om å halde det ut. I mørket er det vanskeleg å sjå det som er godt. Men me veit at det er der. Me har det i minnet. Og me har det i håpet. Me må halde fast på minne og håp om det gode. Om mørket råkar, tyder ikkje det at lyset er borte for alltid. Lyset er der. Det finst. Lyset me treng, finst der ute. Og me kan finne det igjen. Me må halde fast på minne og håp om det gode, me må halde ut mørket til me når ut til lyset igjen. 

Enno eit år har gått. Eit år med mange gleder. Eit år med mykje smerter. Eit år som har gitt både det eine og det andre. Det gode og det vonde. Og nyansene i mellom. Slik er det. Og slik vil det halde fram med å vere.

Eit nytt år opnar seg. Eit nytt år utan forventningar om at alt skal bli bra. Eit nytt år som vil gi meg både det gode og det vonde. Og nyansene som er i mellom. Fordi slik er det å vere menneske. Slik er det å leve. Livet har både lyse og mørke fargar. I det lyse skal eg nyte. Samle på det gode og lagre det i minnet. I det mørke skal eg halde ut. Halde fast på gode minne og håp, og halde ut mørket til eg når ut til lyset igjen.

Eit nytt år opnar seg, og me ønskjer kvarandre eit godt nytt år. Me veit at det ikkje kan bli berre godt. Men me kan alltid ønskje det gode for kvarandre. Så til deg som les dette, ønskjer eg eit godt nytt år. 

Og så vil eg dele nokre ord som J.W. Goethe skal ha sagt:

"NYT NÅR DU KAN. HOLD UT NÅR DU MÅ."

*****************************************************************************************************

27. des, 2019

Eg er heldig. Eg lever åleine og bur åleine, men eg er ikkje einsam. Eg har nær familie rundt meg. Me bur innanfor kort avstand til kvarandre. Me snakkast ikkje kvar dag. Me møtes ikkje kvar veke. Men me har kvarandre. Me er der for kvarandre. 

Eg er heldig. Eg kan velge korleis eg vil bruke dagane mine. Eg kan velge korleis eg vil bruke tida mi. Eg kan velge mitt liv. 

Eg har levd nesten heile mitt vaksne liv med psykiske og etterkvart kroppslege plager. Til tider har livet vore frykteleg tungt og smertefullt. Eg har framleis dagar som er smertefulle. Dei siste åra er det dei kroppslege smertene som plager mest. Eg har dagar med så kraftig hodepine og så sterke nakkesmerter at eg ikkje er i stand til anna enn å tåle smertene. Eg har dagar der eg opplever livet som ei svært stor utfordring. Men det er ikkje heile livet mitt. Slike dagar er ein del av livet. Det er ein del av det å vere meg. Men livet er meir. Så mykje meir. Og eg er meir. Eg er meir enn det helseplagene mine gjer meg til på dårlege dagar. Eg har mine diagnoser, men eg er ikkje diagnosene mine. Livet mitt er rett nok ein del prega av at eg har dei plagene eg har. Men livet mitt er meir enn det. Så mykje meir. 

Eg lever åleine. Eg bur åleine. Eg er ikkje einsam. Eg har nær familie rundt meg. Me har kvarandre. Me er der for kvarandre. Eg er heldig.

*****************************************************************************************************

14. des, 2019

Nokre dagar sit eg i stolen min heime i stova mi og ser rundt meg. Eg ser på det som skulle ha vore gjort. Eg sit i stolen min, ser på det som skulle ha vore gjort, og er frykteleg trøtt og sliten. Så trøtt og sliten at eg ikkje greier å gjere det som skulle vore gjort. 

Eg har to valg:

- eg kan tenke på og samanlikne meg med menneske som har normal kapasitet, og som ville fått gjort dette utan problem.

- eg kan akseptere at eg har redusert kapasitet grunna dei helseplagene eg har, og at det vil komme nye dagar der eg vil greie å gjere det som skal gjerast.

 

Om eg velger det første alternativet, skaper det kjensle av indre stress og uro. Eg blir frustrert og nedstemt over at eg ikkje greier det som andre kan greie utan problem. Om eg velger det andre alternativet; aksepterer at eg har redusert kapasitet grunna dei helseplagene eg har, vil eg få meir ro. Eg veit jo at eg vil greie det. Berre ikkje akkurat i dag.

Å samanlikne meg med menneske som har større kapasitet enn meg, er urettvist mot meg sjølv. Eg er den eg er, og eg har den kapasiteten eg har. Nokre dagar sit eg og berre ser på det som skulle vore gjort. Andre dagar greier eg å gjere det. Slik er det å vere meg. Å akseptere det, er ei lette. Å samanlikne meg med andre, er ei bør.

Samanlikning er urettvist. Kvar og ein av oss er den me er. Ingen av oss er heilt like. Me må ta utgangspunkt i den me er og handle ut i frå det. Å samanlikne seg med andre er urettvist mot ein sjølv.

*****************************************************************************************************