Velkomen til heimesida mi

Her på heimesida mi skriv eg litt om korleis min livsveg er. Og kanskje akkurat DU kan finne noko nytte i å lese om mine valg og mine erfaringar?

Ting Tar Tid! Det er ikkje det me helst vil  høyre når me skal lære nye ting, starte opp med noko nytt, eller når me møter utfordringar i livet som me skal komme oss gjennom. Men ofte er det slik det er. 

Eg har ein del helseutfordringar i livet mitt, både fysiske og psykiske, og har i alle år blitt fortalt kor viktig og bra det er å vere i fysisk aktivitet. Det gjekk lang tid før eg verkeleg tok det på alvor og lytta til gode råd og anbefalingar. Kanskje mykje lenger tid enn det andre treng. Men til slutt kom eg dit. Eg kom dit at eg fekk eigne erfaringar på den positive effekten fysisk aktivitet har. Og eg har oppdaga at fysisk aktivitet har mange nivå.  Å tenke at eg skal vere i fysisk aktivitet i staden for å tenke at eg skal trene, fungerer best for meg. Begrepet "trening" kan skape assosiasjoner om aktivitetsnivå og intensitetsnivå som tar motet frå meg. 

 

Eg opplevde min første alvorlige depresjon i 1996, i ein alder av 28 år. Etterkvart fekk eg diagnosen kronisk depresjon, og det betyr at depresjonen kjem til å vere med meg livet ut. Men eg har gode periodar, og eg har dårlege periodar. Og med tida har lært meg å handtere depresjonen min betre når dei dårlege periodane kjem.

Eg har levd nesten heile mitt voksne liv med opp-og-ned-turar i varierande grad og tidsrom. Gjennom så mange år som brukar av tenester i det psykiatriske hjelpeapparatet, har eg lært veldig mykje. Eg har møtt mange menneske med ulik skjebne og bagasje, og lært mykje om det å ha ein eller anna psykisk diagnose. Men, kanskje det aller viktigaste; eg har hatt gode terapeutar som har gjeve meg hjelp til å bli betre kjent med meg sjølv! 👍Eg har lært mykje om meg sjølv og hatt ei stor personleg utvikling som menneske. Eg er framleis meg. Men eg mestrer meir og eg vågar å ta i bruk meir av dei ressursane som eg innerst inne alltid har visst at eg har. Det har vore krevande, og for MEG har det vore nødvendig å bruke så lang tid for å nå dit som eg no er.

Etterkvart som åra har gått, har det også komme til nokre kroppslege plager. Ikkje alvorlige diagnoser, men plager som gjev smerter av ulik grad. Difor fungerer eg ikkje like godt alle dagar.

Eg brukar kognitive metodar. Det kan eg bruke for å motivere meg til å vere meir i fysisk aktivitet, eg kan bruke det til å tåle fysiske smerter frå dei kroppslege plagene, og eg kan bruke det til å mestre utfordringane med depresjonen. Tanken har kraft - stor kraft. Og gjennom hard jobbing med meg sjølv, både i samarbeid med terapeutar og etterkvart på egenhånd, har eg greidd å fatte dette. Eg forstår korleis tankar påverkar. Eg legg merke til korleis dei påverkar. Eg forstår at eg kan ta meir styring over tankar. Eg legg merke til at det fungerer når eg greier å ta styring og snu om på negative tankar. Eg har komme langt på vegen i å utvikle og styrke meg sjølv kognitivt, men å snu om på og erstatte negative tankar som har vore mitt EG i mange, mange år - det tar tid.Ting Tar Tid.

Eg finn rekreasjon og glede i å vere ute i naturen og gå på tur. Det gir meg ei god totaloppleving. Kroppen får sin del med fysisk trening, og eg får påfyll av energi og meir overskudd mentalt og psykisk. Eg har også oppdaga glede i å fotografere når eg er er ute i naturen.

På heimesida mi deler eg litt av dei opplevingane og erfaringane eg har gjort og framleis gjer ved å vere meir bevisst på det tankemessige. No og då deler eg tankar eg gjer meg om stort og smått i samfunnet vårt. Eg legg ut eigne bilete, hovedsakleg naturbilete frå turar eg går. Eg er glad i sitat og vise ord som eg finn meining i, og har ei side for det. Eg er også glad i dikt, og byrja sjølv å skrive tekstar i dikt - og prosaform tidleg i sjukdomsperioden min. Eg deler både eigne og andre sine dikt her på heimesida mi.

Sjå og les, om du vil. 🙂

 

 

 

 

- Wenche Frantzen -